Brimiskogen klatrepark

BrimiSkogen klatrepark har fem løyper som alle heng oppe i trea. Løypene har mange vanskegradar og befinn seg i ulike høgder over bakken. Vi meiner vi har utfordringar for alle, og kanskje kan det vera betryggande å veta at ein undervegs kan få hjelp til å koma seg ned på bakken att. BrimiSkogen ligg idyllisk til i ein gamal furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Aktiviteten passar for alle, både for store og for små!


brimiskogen klatrepark